网站导航
热门关注
随机推荐
当前位置:北京慧灵智障人士社区服务机构欢迎您! >> 关于我们 >> 机构介绍 >> 机构简介 >> 浏览文章
Beijing Huiling, Samfunnstenester for menneskjer med utviklingshemming
来源:本站原创 作者:bjhl 日期:2007年11月09日 访问次数:
 

Beijing Huiling, Samfunnstenester for menneskjer med utviklingshemming

 

Huiling – Intelligent Sjel

Huiling er ein lokal, unik, lokal basert, ikkje-profitt og ikkje-statleg organisasjon (NGO) for menneskjer med utviklingshemming. Huiling har, med sin lokalsamfunnsbasserte organisasjon, brote med tradisjonell institusjonsomsorg.

 

Visjon

Huiling sitt mål er at menneskjer med utviklingshemming skal kunne få ha like moglegheiter som andre i samfunnet. Slik vil dei kunne få bidra med noko i lokalsamfunnet og få nytte seg av dei goda som finst I samfunnet.

 

Misjon

Huiling har som målsetjing å forbetra livskvaliteten til menneskjer med utviklingshemming og deira familiar. I tillegg ynskjer Huiling å etablera eit lokalsamfunnsbasert, klientorientert tilbod som kan som kan fungera som modell og kopierast over heile Kina. 

 

Historia

Huiling vart fyrst etablert i 1990 i Guangzhou av Meng Weina (ei pioner i NGO-feltet i Kina) og Fernando Cagnin. I april 2000 vart Beijing Huiling opna av Meng Weina og Jane Pierini, ei britisk sosialarbeidar frå Hong Kong. Frå 2002 til 2007 etablerte Meng Huiling avdelingar i Xian, Xining, Tianjing, Chongqing, Hunan og Qingxuan. Tre andre er under forbereting, i Lanzhou, Wanzhou og Shanghai.

 

Aktivitetar

Aktivitetane ved Huiling har som formål å forbetra dei psykisk utviklingshemma lærlingane si sjølvstende i lokalsamfunnet og å forbetra deira evne til å meistre dagleglivet. Daglege aktivitetar inkluderer kunst og handverk, musikktimar, gymnastikk og livsferdsle. Kvar veke reiser dei og til bibliotek, ungdomslokale, eldresenter, sportssenter, og lokale marknadar. Dette er både for å integrere lærlingane i lokalsamfunnet, og for å auka deira sjølvstendige livsferdighetar.

 

Treningssentra

“Dei tre Primærfargane” er eit treningsverkstad som tilby profesjonell trening og jobbmoglegheiter til lærlingar som produserer ei rekke ulike kunst- og handarbeidsprodukt. Dei får yrkesretta opplæring og ei styrka sjølvkjensle, i tillegg til løn for arbeidet. Inntektene frå sal av produkta dei lager går til å dekka utgifter for materiale og til lærlingane si løn.

 

Familiegrupper

Beijing Huiling leiger leiligheter kor ei “husmor” eller ein “husfar” sørgjer for at opp til seks psykisk utviklingshemma får omsorg som i ein vanleg heim. Dette er eit tilbod til dei som har foreldre som ikkje sjølv har moglegheit til å ta seg av dei.

 

Tilsette

Per i dag har Beijing Huiling 20 tilsette fordelt over seks lokale. Desse tar seg av i alt 50 lærlingar, mellom 16 og 45 år. I tillegg er Huiling avhengig av kvalifiserte frivillige arbeidarar og lærlingane sine foreldre for støtte, bærekraftig utvikling og for å sikre høg kvalitet på det arbeidet som vert gjort I Huiling.

 

Korleis kan du verte involvert ?

Beijing Huiling er ein grasrot- og ein ikkje-statleg organisasjon. Huiling mottar inga offentleg støtte og er difor avhengig av hjelp frå samfunnet i form av frivillige arbeidarar, tilsette og donasjonar, både frå enkeltindivid, organisasjonar og bedrifter. Våre tilbod vert stadig utvikla og ulike endringar er under vegs. Dette inkluderar personal- og programutvikling, pengeinnsamling, måtar å nå lokalsamfunnet på og planlegging av ulike hendingar. For å finna ut kva du kan gjera for å hjelpa, ta kontakt med oss!

 

Ynskjeliste: Huiling er alltid i mangel på ei rekke ting som kontormateriale, spel, møblar og kjøkkenutstyr. Donasjonar er velkomne!
 
Fadderordning: Me har i år sett oss nøydd til å auka service gebyret på grunn av at levekostnadane i Kina har auka kraftig den siste tida. Som eit resultat av dette har nokre av familiane til lærlingane her har hatt vanskar med å kunne betala for seg. Å sponse ein lærling er ein måte du kan hjelpe Huiling på!

 

Fadderordning

I Beijing Huiling er det nær 50 lærlingar med psykisk utviklingshemming. Det finst ei historie bak kvar av desse. Qin Qin si historie er ei av dei. Ho vart fødd inn i ein familie med store vanskar: Hennar far er arbeidslaus og hennar mor lir av ein uhelbredleg sjukdom. Dersom du har moglegheit til å gje 100-300 yuan i månaden, kan du hjelpa ein eller ei av dei psykisk utviklingshemma her ved Huiling.

 

Huiling kostar 700-1500 yuan per lærling per månad for dagtilbod. Av dette vert lærlingane bedne om å betale 300-400 yuan sjølv dersom dei har råd til det. Å bu i ein Huiling familie kostar 800 yuan ekstra i månaden.

 

Oppfølging

Etter å ha mottatt dykkar pengegåve og informasjon, vil me svara i løpet av to veker, og i tillegg gje ein årleg rapport rundt juletider om korleis det går med lærlingen du har sponsa.
发表评论】【告诉好友】【打印此文】【收藏此文】【关闭窗口
上一篇:Beijing Hui Ling Intro
下一篇:各地慧灵联系方式
发表评论